Keisaren Julian

giuliano

Keisaren Julian var, som Baron Julius Evola her syner oss, den siste ekte ”heidenske” keisaren i Romarriket. Hans modige kamp mot det forfallet som kristendomen delvis tok med seg og delvis var eit symptom på, viser oss at det ikkje er utan grunn at Evola heldt han so høgt i hevd. Julian levde frå 331 til 363, og har merkeleg nok fått aukenamnet ”den Fråfalne”. Dette må, som Evola viser i teksten, vera eit av dei mest upassande tilnamni på ein person nokosinne, då Julian nettopp freista å halda i hevd den Tradisjonen og den arvi som romarane hadde fått frå sine forfedre. Det var vel heller alle dei andre som Julian kjempa i mot som korrekt kan kallast ”fråfalne”, då dei avviste si heilage arv til fordel for eit semittisk krimskrams. Teksten gir oss óg eit innblikk i kor vanskeleg det er å kjempa mot straumen, då sjølve den djupare forståingi av metafysikken bak den ”heidenske” Tradisjonen ikkje lengjer var til stades, og det difor var tilnærma umogeleg å hevda dei gamle referansepunkti. Teksten gir oss difor ein liten peikepinn om at dersom me har intensjonar om å få notidi sine ”fråfalne” til å oppsøka den overlegne indoeuropeiske arvi, må me sjølve fyrst hevda dei djupare referansepunkti, so me ikkje fell i den fella som våre motstandarar har lagt for oss, nemleg at me endar opp med å hevda og forsvara ein forvridd ”heidendom” utan substans.

 

Keisaren Julian

Me er alltid nøgde når me møter einkvar boklærd som har mental kapasitet til å sjå forbi fordomane og forvridingi ved mange moderne historiesyn, og dette er tilfelle med Raffaello Pratti som omsette og gav ut dei spekulative skriverii til keisaren Flavius Claudius Julianus, kalla « Gudar og menn« . Det er allereie relevant at Pratti nytta nemningi « Keisar Julian », og ikkje det vanlege « Julian den Fråfallne », som ikkje er særleg passande, visst det skulde ha vore nokon som skulde kallast « Fråfallen » so måtte det no ha vore dei som forlét dei heilage tradisjonane og kultane som tidlegare gav liv til Roma sin storheitstid i oldtidi til fordel for den nye trui. Denne nye trui var jo verken romersk eller latinsk, men derimot asiatisk og jødisk. Men å kalla denne keisaren for « fråfallen » blir heilt feil då han var den eine som hadde mot til å vera tradisjonell og prøva å atterreisa det solare og heilage idealet om Keisardømet, som Julian hadde intensjonar um.

Lesingi av dei tidlegare nemnde tekstane skrivne av Julian i teltet i tidi mellom ein marsj og eit slag, nesten som for å dra nye krefter frå åndi for å møta harde tider, er nyttig ogso for dei som fyl den noverande opinionen om at heidenskapen sine spirituelle aspekt var meir eller mindre eins med overtru. Faktisk so var det Julian kjempa mot i Kristendomen i hans forsøk på tradisjonell atterreising eit metafysisk syn. Han får oss til å sjå bakom dei allegoriske plaggi til dei heidenske mytane eit innhald av overlegent vesen. Han peikar ut eit fundamentalt poeng då han skriv: « Når mytane som omhandlar det heilage verkar irrasjonelle i deira innhald, er det akkurat som dei høgt fortel oss at me ikkje skal lesa dei bokstaveleg men undersøkja nøye og grava i den visdomen som er løynd i dei…under forkledingi av absurditet er det håp om at dersom me går djupare enn den opplagte og noverande tydingi av ordi, kan me klara å oppfatta det absolutte stoffet til gudane og deira reine intelligens som overgår alle ting på denne jord. Dette er i tillegg den vegen me må gå når me skal nærma oss urgamle mytologiar og teologiar. Å berre tala om overtru og avgudsdyrking er eins med mental avgrensing eller uærlegheit”.

Soleis, i den omvurderingi som Julian prøvde utføra av dei heilage tradisjonane til Romarriket, er den esoteriske ideen om veremåten til « gudane » og om « kunnskapen » til desse markert. Slik kunnskap tyder indre fullkommenheit. Med eit slikt perspektiv opptrer gudane ikkje som poetisk fantasi eller som abstrakte omgrep hjå filosoferande teologar, men heller som symbol og projiseringar av oversanselege bevisstheitsnivå.

Julian, sjølv innvigd i mysterii til Mithra, set soleis ein klår parallell mellom overlegen kunnskap om seg sjølv og å ha « gudane sin kunnskap », i so utstrakt grad at han ikkje nølar med å sei at i samanlikning er herredøme over heile jordi, om det so er frå Roma eller av barbarar som ingenting å rekna.

Han viser oss vegen til tradisjonen om ein hemmeleg disiplin, takka vera den kan ein fyrst trena seg opp til eit liv i reinheit og asketisme, deretter ved å konfrontera spesielle erfaringar fastsett ved innviingsskikkar, kan medvitet om seg sjølv verta drastisk endra, nye krefter og nye indre sinnsnivå kjem i staden for det gamle medvitet; nøyaktig dei som den urgamle teologien gøymde i den symbolske figuren hjå dei ulike gudane.

Den krafti som Julian dediserte hymna si til–sjølve den krafti som han tok oppatt som sine siste ytra ord i hans liv, då livet hans ebba ut på slagmarki, er Helios. Helios er soli, ikkje som ei fysisk guddommeleggjort stjerne men som symbol på metafysisk lys og styrke i ein oversanseleg forstand, som openberr seg i menneskje og i dei regenererte som eit suverent sinn og som denne mystiske kraft « ovanfrå » som i antikken og i Romarriket sjølv, i form av Iransk påverknad, var i tett slektskap med verdigheiten hjå dei suverene.

Det er i denne samanheng me finn bestemt viktigheiten av den keisarlege Romerske kulti som Julian vilde atterreisa institusjonelt mot Kristendomen. Den sentrale ideen er at berre den som innehar ein nesten overnaturleg overlegenheit, som om han var eit bilete på Helios sjølv, kongen av himmelen, er ein sann og ekte leiar. Berre då er autoritet og hierarki rettferdigjort, Regnum er heilaggjort, og det eksisterar eit strålande sentrum av gravitet for ein heilskap av menneskjelege og naturlege krefter.
Julian tok sikte på å oppfylla dette « heidenske » ideal i eit sterkt keisarleg og einsarta hierarki tillagt eit dogmatisk fundament, med sine disiplinar og sine lover, og med sin prestekaste som på toppen har keisaren, som den som regenerert og gjort til meir enn ein enkel mann av mysterii, samstundes innehar spirituell autoritet og empirisk kraft, og er Pontifus Maximus, som har den urgamal verdigheiten som Augustus hadde atterreist. Denne føresetnaden skulde ha vore ein oppfatting av naturen som ein harmonisk heilskap tillagt usynlege levande krefter. Etter dette vilde ein Statleg monoteisme med ei gruppe « filosofar », (det vilde vore betre å sei « vise menn ») eigna til å trengja gjennom intellektuelt, og so mykje som mogeleg i stand til å innsjå til å byrja med den tradisjonelle teologien ved Romerskheiten.

Motsetnaden angåande Kristendomens dualistiske opphav, med den sin « gje attende til Cæsar det som Cæsar tilhøyrer », og den sitt konsekvente avslag på å betala skatt til keisaren på noko anna grunnlag enn som førebels leiar, (avslag som vart sett på som ein manifestasjon på anarki og omstyrting, og leidde til statleg forfylgjing av Kristne) er opplagt.
Men perioden var slik at den hindra oppnåing av Julian sitt ideal. For slik oppnåing, ein levande forbindelse og ein synergi av dei ulike sosiale klassane, laut framleis den urgamle vêrdsanskodingi vera levande. I staden var ein uvøleleg splitting mellom form og innhald i det heidenske samfunnet allereie skjedd.

Sjølve suksessen som Kristendomen hadde oppnådd sto fram som eit skjebnesvangert symptom. For folk flest var det å tala om gudane som indre erfaringar og å framleis sjå dei tidlegare nemnde oversanselege og « solare » premissane om sann suverenitet berre å sjå an som dikting eller « filosofi ». Sagt med andre ord var det eksistensielle grunnlag fråverande. I tillegg til dette trudde Julian naivt nok at han kunde vera i stand til å uttrykka med grunnleggjande krefter på det kulturelle og sosiale planet, lærdom som ved deira sjølve vesen var førutbestemt meir enn noko anna til å bli privilegiumi hjå sers avgrensa krinsar.

Det er ikkje det at det generelt var eit motsetningsforhold mellom Julian sine antakingar og idealet om ein statleg bruk av desse spirituelle, og til ein viss grad oversanselege innhaldi. Historisk røyndom om ein heil serie av sivilisasjonar sentrert rundt ein « solar » spiritualitet, frå gamle Egypt og Iran heilt til det Japan var for kort tid sidan, viser at denne motsetnaden ikkje finst. Det var heller det at Romerskheiten på Julian si tid allereie mangla eit menneskjeleg og spirituelt innhald i stand til å byggja forbindingi og relasjonane av deltaking, særmerka av eit nytt levande hierarki i henhald til ein keisarleg totalitær organisme orientert mot eit heilagt « heidensk » fundament.

Ei velkjent bok av Demetrio Mereshkowsky, « Dauden åt Gudane« , uttrykkjer på eit storarta og utruleg tankevekkjande vis det vêrdsklimaet som rådde grunnen då keisaren Julian levde, med skuggen over seg av ein sann « gudane sin skumringstime ».
Etter ei lang mørketid, reiste noko av den urgamle tradisjonen seg atter med ankomsti av dei av Germansk ætt på vêrdshistorien si scene, ein kunde nesten tala om ein « Restauratio Imperii » i form av det Heilage Tysk-Romerske Keisarriket i mellomalderen. Dette, serskilt om me ser på den Ghibellinske tradisjonen, tydde at ein kunde hevda retten for Keisarriket til, mot dei hegemoniske pretensjonane til Kyrkja, ein overnaturleg verdigheit som ikkje var mindre enn den som Kyrkja sjølv hadde.

På dette viset, er det viktig å betrakta det som var lagra i former nesten gøymd i riddarlitteraturen, i dei sokalla « keisarlege legendene » og i andre dokument.

Me tok sikte på å samla og tolka tilfredsstillande heile denne saki i vårt verk namngjevi « The Mystery of the Grail and the Ghibelline Tradition of the Empire« .

Julius EVOLA

 

Publicités